Ny landgang Narvik – Rørvik

Laurdag 8 oktober gjekk Namdalingen teknisk prøvetur med ny hydraulisk landgang levert av Coast Innovation As i Florø i si ordinære rute mellom Narvik – Rørvik og Leka. Alt fungerte svært tilfredstillande og det er alt klart at landgangen vil være eit stort steg framover ikkje berre for dei reisande men også for mannskapet om bord.

M/S Namdalingen under anløp i Namsos på teknisk prøvetur med landgang levert frå Coast Innovation AS. Landgangen er dimensjonert til å fungere med inntil 24º elevasjon opp og 10º helling ned, og det er tilstrekkelig i dette området med inntil 3,5 m tidevatn

 

Landgangen er ein heilt ny type hydraulisk, teleskopisk landgang bygd i aluminium og montert på tvers av hekken på Namdalingen. Landgangen vil gjere det mogeleg for passasjerar å komme seg om bord direkte til hovuddekk og salongar utan omsyn til stor skilnad mellom flo og fjøre, som i dette området er meir enn 3 m. Landgangen er særleg tilpassa passasjerar som nyttar rullestol, og heile prosjektet er eit resultat av sterke ynskjemål frå handikapp organisasjonar som har arbeidd i mange år for å gjere desse båtane meir tilgjengelig. Men også andre passasjerar vil nyte godt av ein landgang med rimelig stigning og sklisikker gangbane, her er ingen sak å få med seg barnevogn.

Mannskapet er også svært glad for å sleppe tunge løft og risikable operasjonar når rullestolar og barnevogner skal av og på båten. Landgangen er hurtig og effektiv i drift og vil gje ein betre regularitet under vanskelige arbeidsforhold.

Namdalingen gjekk teknisk prøvetur i sitt ordinære ruteområde mellom Namsos – Rørvik og Leka på laurdag for å prøve ut landgangen og for å tilpasse fortøyingar. Alt fungerte tilfredstillande og det er alt klart at landgangen vil være eit stort steg framover ikkje berre for dei reisande men også for mannskapet om bord.

Landgangen er konstruert og utvikla av Coast Innovation AS på Svanøy i Flora i samarbeid med INC Engeneering i Flora. Landgangen er bygd hos West Industri Service i Florø. Det er Moen Slip på Kolvereid som har montert landgangen på Namdalingen. Ekspressbåten har samstundes fått innbygd hekken for å gjere den enno meir effektiv og betre tilpassa sitt ruteområde.

Landgangen er eit heilt nytt konsept, og definitivt den første i sitt slag og er såleis eit nybrotsarbeid. Konseptet er resultatet av diskusjonar mellom Coast Innovation og Namsos Trafikkselskap som i noko tid hadde vore på utkik etter tenlege landgangs-løysingar for å få passasjerane av og på båten på dei mange stogga i ei travel rute. Coast Innovation er stolt over å ha fått oppdraget med å lage landgangen for NTS, og synest at det har vore ei spanande utfordring.

Selskapet med base på Svanøy i Flora Kommune er sjølv godt nøgd med resultatet, og håper at denne heilt spesielle landgangen kan vidareførast i tilsvarande løysingar for andre båtar i ruteområde med liknande problemstilling.

Teknisk:

  • Type Hydraulisk, teleskopisk, med nedfoldande rekkverk, og innfolding mot rekka når den ikkje er i bruk.
  • Plassering Montert på akterspeil, tverrskips for babord tillegg.
  • Material: Aluminium, gangbane i rist, rekkverk i alum-profil og rustfrie stål-wirer.
  • Lengde: Repo på 1,4 m, landgang 6,2m ? til 8,2m + manuell flaps 1m.
  • Bredde 1165mm, innvendig fri bredde 1 m, tilpasset rullestolbruk.
  • Elevasjon Maks elevasjon opp 24º, ned 10º.
  • Kaihøgde Gjev tilgang til kaihøgde frå 0,5 m til 4 m.
  • Vekt 650 kg
  • Kapasitet 300 kg m2
  • Prøvelast 400 kg m2
  • Hydraulikk; 3 sylindre, lastebæreventiler, slangebruddventiler, og friflyt ventil på hovudsylinder, alt levert av Bergen Hydraulikk.