Ny flytande Bilbru til Flora Hamn og Næring

Coast Innovation AS overleverte fredag 9. mars ei Ny flytande Bilbru til Flora Hamn og Næring som del av ei OFU-kontrakt, der Innovasjon Norge er inne og støttar prosjektet. 

Bilbrua vart sjøsett i Flora Hamn 1. november og sidan vore under utprøving, med diverse justeringar før den no er teke i ordinær bruk i ruteproduksjon i Flora Kommune. 

Bilbrua fungerer slik forventa, er effektiv og rask og gjev så langt berre fordelar til
brukarar og operatørar. 

Leveransen har kome frå Østerbø Maskin i Sogn som har bygd brua og utført
oppdraget på ein svært tilfredstillande måte.

Leveransen har ført til stor interesse for dette produktet, og Coast Innovation er i gang med å prosjektere større anlegg for plassering i område med større skilnad på flo og fjære. 

Ein av dei store fordeler med ei slik bru er at ein slepp store betongkonstruksjonar ute i sjøen på kvar side. Bilbrua er såleis lett flyttbar til nye lokalitetar, Coast Innovation
jobbar med å utvikle eit mobilt system som kan nyttast ved utbetring eller fornying av eksisterande ferjekaier. 

Eit eller to slike mobile anlegg kan nyttast der ein førebels opprettar ferjestrekning i samband med langvarige stenging av tunnelar og utsette vegområde (eks. Fatlaberget i Sogn, Vigra tunnelen Sunnmøre).

Studer elles bileta under. Klikker du på dei to øvste, kjem det opp eit større utsnitt.