|
|
Nyheter...
Den 24 april 2010 ble nettsidene oppdatert med ny informasjon om
bl.a det
nye produktet vårt som kalles Strølegger.
Det har og blitt lagt til ny informasjon under sidene om landgang og
oppdrettsutstyr.
Stikkord for hva firmet kan tilby er: Innovasjon – produktutvikling – rådgivning
15.03.07: Ny flytande Bilbru til Flora Hamn og Næring
Coast Innovation AS overleverte fredag 9. mars ei Ny flytande Bilbru til Flora Hamn og Næring som del av ei
OFU-kontrakt, der Innovasjon Norge er inne og støttar prosjektet.
Bilbrua vart sjøsett i Flora Hamn 1. november og sidan vore under utprøving, med diverse justeringar før den no er teke i ordinær bruk i ruteproduksjon i Flora Kommune.
Bilbrua fungerer slik forventa, er effektiv og rask og gjev så langt berre fordelar til
brukarar og operatørar.
Leveransen har kome frå Østerbø Maskin i Sogn som har bygd brua og utført
oppdraget på ein svært tilfredstillande måte.
Leveransen har ført til stor interesse for dette produktet, og Coast Innovation er i gang med å prosjektere større anlegg for plassering i område med større skilnad på flo og fjære.
Ein av dei store fordeler med ei slik bru er at ein slepp store betongkonstruksjonar ute i sjøen på kvar side.
Bilbrua er såleis lett flyttbar til nye lokalitetar, Coast Innovation
jobbar med å utvikle eit mobilt system som kan nyttast ved utbetring eller fornying av eksisterande ferjekaier.
Eit eller to slike mobile anlegg kan nyttast der ein førebels opprettar ferjestrekning i samband med langvarige stenging av tunnelar og utsette vegområde (eks. Fatlaberget i Sogn, Vigra tunnelen Sunnmøre).
Studer elles bileta under. Klikker du på dei to øvste, kjem det opp
eit større utsnitt.



03.06.06 - Ny kontrakt!
Coast Innovation AS underteikna torsdag 1. juni ei OFU-kontrakt med Flora Hamn og Næring om utvikling og utprøving av ei ny type flytande
bilbru. Innovasjon Norge støttar prosjektet.
Bilbrua skal plasserast i indre hamn i Florø der det blir anløp av 3 bilførande hurtigbåtar frå
2007 til nærområda i Flora Kommune.
Bilbrua er av same dimensjon som dagens bilbru på Svanøy og Askrova, men i staden for hydraulisk regulering så vil denne
bilbrua flyte på ein oppdriftstanke på den enden som vender
mot båten. Under oppdriftstanken er der ein trimtanke med luftsøyle som kan regulerast med trykkluft for nøyaktig tilpassing til båten.
Coast Innovation har arbeidd med dette konseptet i fleire år, og teknologien byggjer på eit trimsystem nytta på store fôringsmodular i oppdrettsindustrien.
Bilbrua skal leverast hausten 2006, og ein reknar med at utprøving av konseptet vil være
ferdig før årsskiftet.
31.10.05
Ny landgang Laurdag 8 oktober gjekk Namdalingen teknisk prøvetur med ny hydraulisk landgang levert av Coast Innovation As i Florø i si ordinære rute mellom Narvik – Rørvik og Leka.
Alt fungerte svært tilfredstillande og det er alt klart at landgangen vil være eit stort steg framover ikkje berre for dei reisande men også for mannskapet om bord. Les meir og sjå bilder her
31.10.05
Båtheis Light.
Første Båtheis Light er solgt til SFE sin utestasjon i Florø. Den skal monterast på enden av den gamle YFK kaia og gjere til at SFE sin beredskapsbåt står høgt og trygt og klar til bruk til ei kvar tid, utan omsyn til flo eller fjære eller værforhold ellers.
17 jan. 05.
Coast Innovation A/S har inngått avtale med Namsos Trafikkselskap
om leveranse av ein hydraulisk landgang for ekspressbåten Namdalingen
som trafikkerer området mellom Namsos, Rørvik og Leka.
Landgangen som blir aktermontert og skal foldast inn til skroget når den
ikkje er i bruk, er eit heilt nytt konsept som er utarbeidd av Coast Innovation A/S.
Landgangen er hydraulisk styrt med teleskopisk forlengar og nedfoldbart rekkverk.
Denne landgangen vil gjere det mogeleg for passasjerar, rørslehemma og rullestolbrukarar
å komme seg om bord og i land uansett tidevassnivå på alle stoppeplassar langs ruta.
Landgangen skal byggast hos West Industriservice i Florø og skal leverast våren 2005.
|
|